Hopp til hovedinnhold

Flott kantine og gratis frukost

Elevar sit og et i kantina

Gratis frukost

Sidan læring og kosthald heng saman tilbyr vi gratis frukost til elevane kvar morgon frå kl. 08.00 til 08.30. 

Vi har ein stor og flott elevdrive kantine som i skuleåret 2015/16 vart kåra til Hordalands beste skulekantine!

Meny

Her tilbyr vi både varme og kalde rettar. Det blir servert smårettar som salat, graut og suppe. Kvar dag er det varmmat på menyen. Den er svært variert frå laks, kjøttkaker og taco til sushi. Du finn sunn og velsmakande mat til rimelege prisar.

Betaling

Du kan betale med kort eller kontant.