Hopp til hovedinnhold

Førjulsdag med barnehagebarn

Tegning av rotter og mus som går rundt en skål med julegrøt

Torsdag 5 desember hadde 3 BUAA ein gøy førjulsdag med barnehagebarn.

Barna fekk oppleva dramatisering av eventyr og kjende julesongar, noko som verkeleg sette alle i julestemning. Barna fekk òg laga sine eigne reinsdyr og fargeleggja flotte julemotiv. Sjølvsagt kom nissen på besøk, og han delte ut mandarinar, peparkaker og saft til både store og små.
Det vart ein flott dag fylt med masse julestemning og ein liten smak av magien til jula.