Torsdag 2. mai hadde Olsvikåsen vgs den æra å få besøk av stortingspresident Masud Gharahkhani.
Dagen starta velkomst av elevrådsleiar Maren Vaage Handegård, før Gharahkhani talte til elevane om Stortinget og demokratiet, og kva høve ungdommen har til å påverke det samfunnet dei er ein del av.
Elevane på skulen hadde samla inn mange gode spørsmål som Endre Neverdal og Selma Dilay Can frå politikk-klassen stilte til stortingspresidenten etter talen.
Deretter fekk presidenten møte elevar på helse- og oppvekstfag og sjå på korleis dei jobba i skulen sitt «sjukerom», samt høyre meir om korleis elevane opplever yrkesfaget og høve til å gå ut i lære. Dagen vart avslutta med sofasamtale mellom stortingspresidenten og elevar frå ulike utdanningsprogram på skulen. Her vart tema som fråværsgrensa, utanforskap, og elevanes høve til å påverke kvardagen sin på skulen og elles diskutert.
Tusen takk for besøket!