Er du kreativ og vil lære meir om design, formgjeving og visuelle kunstfag? Det kan du på Kunst, design og arkitektur. Den treårige utdanninga fører fram til generell studiekompetanse, og du kan dermed ta høgare utdanning på universitet eller høgskule.
Kvifor velje kunst, design og arkitektur
- Du får generell studiekompetanse
- Du får ein variasjon mellom teoretiske og praktiske fag
- Du utviklar kreativiteten din
- Du får kunnskap om den visuelle og estetiske verda
- Du får arbeide med tverrfaglege oppgåver