Hopp til hovedinnhold
Ungdomar står i grupper ved inngangspartiet ved Olsvikåsen vgs

Olsvikåsen videregående skole

Skulen ligg vakkert plassert ved foten av Lyderhorn, sentralt i Bergen vest, og med gode busstilbod til Askøy, Sotra og Bergen. Plasseringa saman med den arkitektoniske utforminga, gjev ein campusfølelse der alle vert synlege for kvarandre. Vi har eit trygt og inkluderande skulemiljø der elevane skårar høgt på trivsel, resultat og fullføring. Skulen har eit aktivt elevråd som bidreg til at skulen heile tida utviklar seg.

Aktuelle saker

03.05.2024

Stortingspresidenten vitja Olsvikåsen vgs!

Torsdag 2. mai hadde Olsvikåsen vgs den æra å få besøk av stortingspresident Masud Gharahkhani.

Stortingspresident Masud Gharahkhani står på scena framfor eit bilete av seg sjølv og kva han er oppteken av.
19.02.2024

Ein vellykka dag om demokrati og medborgarskap

Tysdag 13. februar var det klart for demokratidag på skulen vår for andre gong. Dette er ein dag der ein forsøker å sette fokus på tema på en tverrfagleg måte. Alle elevane ved skulen var med på dagen, på tvers av trinn og linje.

11 elevar sit ved eit langbord og klippar i aviser og vekeblad
12.02.2024

Eit inspirerande foredrag av Emma Ingebrigtsen

Tusen takk for eit inspirerande og tankevekkjande foredrag, Emma Ingebrigtsen! Etter initiativ frå vårt flotte russestyre, vart Emma invitert til skulen for å halda eit foredrag om russetida.

Foredragsholder Emma Ingebrigtsen står på scena og snakker til elevane.