Tusen takk for eit inspirerande og tankevekkjande foredrag, Emma Ingebrigtsen! Etter initiativ frå vårt flotte russestyre, vart Emma invitert til skulen for å halda eit foredrag om russetida.
Med utgangspunkt i eigne erfaringar frå si eiga russetid, snakka Emma om korleis russetida kan prega ein i å vera både innanfor og utanfor eit fellesskap, der russegrupper har ei sentral rolle. Det står stor respekt for Emma som baud på seg sjølv ved å snakka om sine eigne vonde erfaringar om utanforskap frå russetida si.
Samtidig inspirerte ho òg ved å snakka om korleis ho snudde utanforskapen ho opplevde, til å bli ein person som inkluderte andre russ som gjekk med same vonde kjensler og erfaringar som henne sjølv. Her uttrykte ho tydeleg kor viktig det var å ha nokon å snakka med, i situasjonar ein kjenner på kjensler som utanforskap gir. Derfor meiner ho det er viktig å vera ein som vågar å tenkja nytt og tenkja på fellesskapet.