Hopp til hovedinnhold

Ein vellykka dag om demokrati og medborgarskap

11 elevar sit ved eit langbord og klippar i aviser og vekeblad

Tysdag 13. februar var det klart for demokratidag på skulen vår for andre gong. Dette er ein dag der ein forsøker å sette fokus på tema på en tverrfagleg måte. Alle elevane ved skulen var med på dagen, på tvers av trinn og linje.

Etter ein felles opning i gymsalen, med blant anna tale av ein av skolens egne elevar og musikk frå skulebandet, hadde elevane forskjellege opplegg.
I tillegg til egne lærekrefter var det også besøk frå Røde Kors, FN-sambandet, Natur og Ungdom og Raftostiftelsen.

I år var også lærarstudentar med, blant anna Kathrine, Ingrid og Odin.
Dei trakk fram at det var kjekt og sjå kor engasjerte elevane var, og at dette gav dei et nyttig innblikk i korleis skulen kan jobbe med slike tema.

Demokrati og medborgarskaps-dagen er ein av fleire slik tverrfaglege dagar som arrangerast på skulen i løpet av skuleåret.