Hopp til hovedinnhold

Sjakk- og logikkdag

12 år gamal gut spelar sjakk med ein elev i gymsalen

11.desember var det klart for nok ein Sjakk- og logikkdag på Olsvikåsen vgs.

Det var god stemning og høgt aktivitetsnivå denne dagen.

I gymsalen var det rigga til noregshistoriens største simultansjakk med 357 elevar som spelte mot mellom anna Joachim B. Nilsen og Sigur Myny. 

29 spelarar vann sine parti og 4 spelte remis.
Den siste eleven som sat igjen var Tuva Kvalheim Parlevliet (3STB)

Storfint besøk frå Sotra Sjakklubb, Søråshøgda Sjakklubb og Bergens Schakklub - det var Joachim B. Nilsen IM, Kjetil Stokke IM, Eirik Gullaksen IM, Sigur Myny, Teodor Tenfjor Engelsen, Ariza Hina, Eirik Texe, Olai Dyrhaug Eriksen, Anna Ovidia Young og Trond Young